mandag 29. november 2010

Studenter utarbeidet strategi for MuHo-prosjekt

Studenter ved Universitetet i Bergen har utviklet en mulig strategi for MuHo-prosjektet: "Kunnskap og forteljing". Strategien publiseres på prosjektets blogg.

Studentene går på Nye medier ved institutt for Informasjon- og medievitenskap. Studiet presenteres slik av UiB:

Korleis presenterer ein audiovisuelt innhald på Internett? Korleis blir same innhaldet distribuert i ulike plattformer som TV, Internett og mobilteknologi? Korleis kan interaktive medier brukast til digital historieforteljing?

Internett og verdensveven har vakse fram som ein av dei viktigaste formidlingskanalane for nyheiter, samt offentleg og personleg kommunikasjon. Studiet av nye medier handlar om digitaliseringa av både produksjon og distribusjon av medieinnhald. I denne prosessen er det viktig med kompetanse både om tekniske løysingar og verktøy. Det er også viktig å vite korleis dette kan nyttast i journalistikken og når ein skal formidle ein bodskap.

I nye medier lærer ein om korleis ein kan analysere og designe digitale medier med spesiell vekt på Internett og web. Ein viktig del av dette er å kunne bruke webdesign, programmering og system for innhaldshandtering og utforme databaser. Ein annan sentral komponent i studiet er interaksjonsdesign som handlar om prinsippa for korleis ein kan designe interaksjon mellom menneske og maskiner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar